Band

Linda Gytri Trio Her har Linda samla toppmusikarar frå Finland og Noreg, og i februar 2015 slapp dei si første plate Audire. Med i trioen er den finske pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Nordik Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og superbassist Anders Bitustøyl (Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band).

Musikarane har solid forankring i ulike sjangrar kvar for seg – nordisk folkemusikk, pop, reggae og finsk tango! Saman møtest dei i Gytri sine folkemusikalske komposisjonar til ei ny musikalsk verd – midt mellom land, fri for grenser og ope for overaskingar. Trioen inviterar publikum med inn i søte, små historier frå både kvardag og fest. Leikande, drøymande og med intens musikalsk kraft fortel musikken deira om ei smilande Svarvesol, metall- inspirerte Eurax Polka, sprudlande Gabriel i Glaskarmen og det vakre ved å ligge under ein vestlandsk Apal og berre kvile.

Duoen Gytri/ Vanberg kjem frå Oldedalen og Innvik i Nordfjord. Linda Gytri og Dag Vanberg har leita fram lokal lyrikk til glede for publikum. Vanberg er ein framifrå diktlesar og formidlar av gamle folkesongar og lokalhistorie, og har mange gode forteljingar på lur. Saman underheld dei med trekkspeltonar, tekstar av nordfjordske diktarar og songar etter Dag sin bestefar Ola M. Vanberg. Her er det rom for feiande valsar, gode skrøner, skjemt og litt alvår – på Nordfjords vis soklart.

Apal er eit musikalsk samarbeid med utspring i at Rikskonsertene inviterte Gytri til India for å spele på Jodhpur International Folk Music Festival hausten 2013. Med seg på den musikalske reisa fekk ho norgesmeister på torader, Kristoffer Kleiveland og gitarviritous Vidar Berge. Saman formidlar dei forfriskande ny folkemusikk, opnar dørene og inviterer deg inn i sitt vesle musikalske hus. Den som lyttar vil finne rom for både glede, leik og draumar – energisk framført i friskt, vindfullt samspel. Apal er som kjent eit dialektord for epletre, og trioen lovar musikk som både får fart på epleskrotten – og som også inviterar deg til å kvile under apalen og berre nyte.

Solo Linda Gytri og hennar trekkspel har ei unik evne til å nå eit publikum langt utover trekkspelets vanlege horisontar. Punkrockarar som pensjonistar, bønder som byfruer – eit stadig veksande publikum på tvers av sjangrar let seg overraske og fenge. Hennar eigne komposisjonar, ispeidt verbal visdom innimellom tonane, gjev publikum både tårer i auga og trampetakt i foten. Rett frå hjartet – rett i hjartet.

 

Foto: Jarle H. Moe

 

 

Legg att eit svar