Audire

«Ei spesielt god plate, poetisk og gjennomtenk. Med eit stort teknisk register, fine klangar og dynamikk som får musikken til å bølge framover.» Kjetil Bjørgan, NRK P2

«Tidløs og moderne, med komposisjoner av ypperste merke. Linda Gytri evner å fortelle noe som bare hjertet forstår» Sindre Bremnes, Bladet Folkemusikk

Linda Gytri Trio hausta glitrande kritikkar for plata Audire som kom i februar 2015. Bergens Tidende gav plata fem hjerter, og redaktør Audun Stokke Hole i Bladet Folkemusikk omtalte Audire som «sjangerfritt strynespel».

Trioen består av Linda Gytri på trekkspel, den finske pianoviritousen Timo Alakotila (JPP, Nordic Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og superbassisten Anders Bitustøyl ( Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band). Musikarane har solid forankring i ulike sjangrar kvar for seg – nordisk folkemusikk, pop, reggae og finsk tango! Saman møtes dei i Gytri sine folkemusikalske nye låtar, og musikken deira fortel blant anna om ei smilande Svarvesol, ein Tuk Tuk i indisk kaostrafikk og det vakre ved å ligge under ein vestlands Apal og berre kvile. Trekkspelaren frå Oldedalen har også skrive små tekstar til kvar einskild låt, i samspel med Oddleiv Apneseth sine foto i coveret. Heilheita og samklangen mellom musikk, tekst og foto er gjenkjennande for Gytri sitt kunstnarlege uttrykk.

Tittelen på plata kjem frå latin og betyr å lytte. Temaet for denne utgjevinga er kor viktig det er i våre hektiske kvardagar å stoppe opp, trekke pusten og lytte. Lytte innover, forbi tankar og firkanta boksar av forventingar, til di eiga stemme, din eigen tone – ditt eige hjarte. Først då kan du velgje din eigen veg.

Debutplate Umbra (2012) fekk flotte mottakingar frå både publikum og kritikarar, og den reine soloplata vart nominert til Folkelarmprisen. Med Audire tek trekkspelaren steget ut av einsemda, og saman med Alakotila og Bitustøyl er det no duka for trekkspelpoesi og norskfinsk gladmelankoli av ypparste klasse.

«Linda Gytri er en av de beste i Noreg i en sjelden kunstart: å la folkemusikken leve fint inni et trekkspel. Springar, vals, bruremarsjer – alt friskt, organisk og med ettertrykk!» Gabriel Fliflet

 

Foto: Jarle H. Moe

Legg att eit svar