«Musikk som tar aller korteste vei fra hennes fingre til våre hjerter, og som rører ved det dypeste i den som vil lytte» Sindre Bremnes, Bladet Folkemusikk

«Gytri imponerar. Oppløftande!» Lars Mossefinn, Dag og Tid

Nyskapande trekkspelmusikk med friske vindpust og melankolsk ettertanke – åleine med trekkspelet formar Linda Gytri nye musikalske landskap å sveve avgarde i. Lyrisk, sensitivt, varmt og viritoust – og alltid med ein folkemusikalsk grunntone i botnen.

Debutplata Umbra (2012) vart nominert til Folkelarmprisen og kåra til årets 3. beste folkemusikkplate av avisa Dag og Tid samt Adresseavisen. Gytri vart også nominert av NRK Sogn og Fjordane til Luttprisen 2013 som årets musikar i Sogn og Fjordane, og er tildelt toårig Statens Arbeidsstipend for Unge Nyetablerte Kunstnarar frå Norsk Kulturråd. Våren 2015 kom Gytri med si andre plate Audire, saman med Timo Alakotila, piano, og Anders Bitusøyl, kontrabass, til strålande mottaking frå både publikum og kritikarar. Ho vart tildelt Sparebanken Vest sin Musikarpris på Førdefestivalen 2015, og vart kåra til Årets Oldedøl 2016.

Gytri kjem frå Oldedalen i Nordfjord og har mastergrad i folkemusikk, inkludert eit utvekslingsår på Sibeliusakademiet i Finland. Det å lage eigne låtar har fulgt henne heile vegen, og musikken hennar er inspirert av folk og sterk natur. I den tradisjonelle folkemusikken har ho fordjupa seg i springleik og Gudbrandsdalsmusikk  – i frisk samklang med vestlandsspringarar, rufsete balkanmusikk og finske folketonar. Polka med sjel!

Linda Gytri spelte seg til tittelen Norgesmeister i ung alder, og har sidan markert seg som utøvar både i inn- og utland. Ho har konsertert mellom anna i USA, India, Malawi, Mosambiq, Shetland, Russland  – og her heime på Riksscenen, Oslo World Music Festival, Førdefestivalen, Kråkenes Fyr og i ei steinalderhole i Oldedalen!

«Linda Gytri`s music sits close like an intimate friend, holding hands, reassuring solitary moments. The sound of her music would generate a melodic response anywhere in the world» Vandana Shukla, The Tribune, India

Foto: Jarle H. Moe

 

Legg att eit svar